Jæren

Frå Wikiquote

Gå til: navigering, søk
Brusand på Hå i Jæren. (Foto: Ruth Hetland)

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland.


«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»   Arne Garborg
image page
«Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju miler lang låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust.»   Arne Garborg
image page
Personlege verktøy