Mal:Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd.

Frå Wikiquote

Gå til: navigering, søk


Opphav Arne Garborg
Kjelde

Fred (roman)

År 1892
Opphavleg mål landsmål
«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»
Frå Obrestad på Jæren. (Foto: Ruth Hetland)


Opphavleg tekst

Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde som lange Røysir. I desse Heimane bur Folke.

Stikkord

Jæren
norsk landskap
grender
steingardar
hus

Personlege verktøy