Venleik
Frå Wikiquote
- Alle sitat om venleik
- Venleik på Nynorsk Wikipedia.
Drei Grazien av Lucas Cranach, frå 1530.
Venleik viser til utsjånad som ein set pris på. Det kan også brukast i overført tyding om noko ein ikkje nødvendigvis kan sjå.
[endre] Om venleik
«Venleik stikk ikkje djupare enn huda.» Thomas Overbury
«Men der er visseleg ikkje så mange menn med store formuar i verda som det finst pene kvinner som fortener dei.» Jane Austen
[endre] Om vene ting
«Viss de vil ha ein gylden regel som passar alle, er det denne: Ha ingenting i husa dykkar som de ikkje veit er nyttig, eller synest er vakkert.» William Morris
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.» (Tillagt Far til Austlid) Andreas Austlid