Frå Wikiquote
Voss er ei bygd og ein kommune i Hordaland.
«Eg veit ei bygd med lange, leine lider,
som fjell frå fagre fjell i dalen ned.
Der blømar hegg, der grønkar bjørk og vier,
og gran og furu vigslar alt med fred.
Og gjennom lidi lette grøver går
med song og sull, helst um haust og vår,
i lange stryk med byks og kåte foss:
Du vene Voss, du vene Voss!» Lars Eskeland
|
|
«På Vossevangen der vil eg bu,
der veks det kløver på heia;
der gjeng kvar ungkar med blanke skor,
og sylvknapp hev han i trøya;
der dansar gjenta med band i hår,
og fletton` radt nedpå marki når, -
ja tru du meg, eg segjer deg:
Der er det fagert å leva.» Carsten Hauch
|
|
| «Verda er vid, men Voss er vidare» |
|
«Lyft merket høgt, med Heilag Olavs kross,
Du vene Voss, du vene Voss!» Lars Eskeland
|
|