Ytringsfridom
- Alle sitat om ytringsfridom
- Ytringsfridom på Nynorsk Wikipedia.
«Eg er ueinig i det du seier, men vil forsvara med livet retten din til å seia det.» (Tillagt Voltaire) Evelyn Beatrice Hall
«Anarkisten er ein fiende av menneskja, ein fiende av alle, og hans form for kriminalitet er verre enn noko anna. Ingen innvandrar skal få koma til våre kystar om han er ein anarkist; og ikkje noko skrift, gjeve ut her eller utanlands, burde vera tillete å setta i omløp om det spreier anarkistiske haldningar.» Theodore Roosevelt
«Goebbels var for ytringsfridom for syn han likte. Det var Stalin òg. Viss du er for ytringsfridom, er du for ytringsfridom for nett dei syna du hatar. Elles er du ikkje for ytringsfridom.» Noam Chomsky
«Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.»