Brukardiskusjon:Eirik

Frå Wikiquote

Gå til: navigering, søk

[endre] «Nynorsk Wikiquote»

Hei, Eirik!

Du har gjort ein fin jobb med framsida! Det einaste eg ikkje liker, er det nye namnet du har innført: «Nynorsk Wikiquote». Eg synest ikkje eit slikt hybridnamn høyrest bra ut (iallfall høyrest det ikkje norsk ut); eg ser helst at vi held fram med å bruka namnet Wikifrasar, viss ikkje nokon har innvendingar mot det.

Eg er òg open for nye framlegg – det er ikkje uvanleg å omsetja namnet frå engelsk når ein startar ein Wikiquote på eit nytt språk. T.d. heiter det Уикицитат på bulgarsk, Wikisitaatteihin på finsk, Wikicytaty på polsk, Vikicitaro på esperanto og Wikicitátů på tsjekkisk. «Wikifrasar» er kanskje ikkje ideelt, men det er det beste alternativet hittil, etter mi meining.
--Verdlanco 23. okt. 2005 kl. 21:02 (UTC)

Når vi fyrst har fått til logoen (du har vel merka det?) og det står «Wikiquote» på den, synes eg det blir litt rart med ei blanding av Wikifrasar og Wikiquote. Vi skriv jo Nynorsk Wikipedia, så kvifor ikkje Nynorsk Wikiquote. Ingen av delane er 100 % norske, men det får så vere, synest eg. --Eirik 25. okt. 2005 kl. 19:49 (UTC)
Personlege verktøy