Me er meir populære enn Jesus no.
Opphavleg tekst:
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1966
Kontekst: Dette var ei av dei mest omtala utsegnene til John Lennon, og opprørte folk over heile verda. Ho var del av eit intervju av Maureen Cleave i den engelske avisa Evening Standard, trykt den 4. mars 1966. Den korte versjonen av sitatet, teke ut av kontekst og ofte feilsitert som at «Beatles er større enn Jesus», førte til protestar i det USA-amerikanske Bibelbeltet. Beatles-plater blei brunne på bål og Ku Klux Klan spikra album til ein kross og brann dokker av bandmedlemmene. Beatles meinte dette ikkje var så mykje å ta på veg for, ettersom folk først måtte kjøpa album for å brenna dei.
Lennon ba seinare om orsaking for utsegna, på ein pressekonferanse i Chicaco den 11. august 1966. Orsakinga blei godteken av Vatikanet.
- «I suppose if I had said television was more popular than Jesus, I would have gotten away with it. I'm sorry I opened my mouth. I'm not anti-God, anti-Christ, or anti-religion. I wasn't knocking it or putting it down. I was just saying it as a fact and it's true more for England than here. I'm not saying that we're better or greater, or comparing us with Jesus Christ as a person or God as a thing or whatever it is. I just said what I said and it was wrong. Or it was taken wrong. And now it's all this.»
Jesus The Beatles rock popularitet kristendom |