London
- Alle sitat om London
- London på Nynorsk Wikipedia.
London er ein by i England og hovudstaden i Storbritannia.
[endre] Herlege London
«Når ein mann er trøytt av London er han trøytt av livet; for i London finst alt som livet kan tilby.» Samuel Johnson
Kanskje d'er fordi eg er ein londonar,
at eg elsker London slik.
[endre] Forferdelege London
«London, den store kloakken som alle dåsemiklar og latsabbar i keisarriket blir vaska ut i.» Arthur Conan Doyle
«Sanninga er at i London er det alltid ei sjukdomstid. Ingen er ved god helse i London, ingen kan vera det.» Jane Austen
«Heile den store, fæle byen London der — skramlande, knurrande, røykande, stinkande — ein gyseleg haug gjærande murstein, som slepp ut gift i kvar ei pore — trur du det er ein arbeidande by? Ikkje i ei einaste gate! Det er ein stor leikande by, svært fæl leik og svært hard leik, men framleis leik.» John Ruskin