Richard Feynman
- Alle sitat av Richard Feynman
- Richard Feynman på Nynorsk Wikipedia.
Richard Phillips Feynman (1918-1988) var ein framtredande amerikansk fysikar og nobelprisvinnar.
«Be sonen din stoppa å prøva å fylla hovudet ditt med vitskap — å fylla hjartet ditt med kjærleik er nok.»
«Det eg ikkje kan skape, kan eg ikkje forstå.»
«Gud blei oppfunnen for å forklara mysterium. Gud blir alltid oppfunnen for å forklara det du ikkje forstår.»
«Ein diktar sa ein gong ‘Heile universet er i eit glas vin’. Me vil truleg aldri vita kva han meinte med det, for diktarar skriv ikkje for å bli forstått. Men det er sant at om me ser nøye nok på eit glas vin, ser me heile universet.»
«Til dei som ikkje forstår matematikk er det vanskeleg å formidle den riktige kjensla av venleiken, den djupe venleiken, av naturen ... Viss du vil lære om naturen, og verdsette naturen, er det naudsynt å forstå det språket ho talar.»
«Eg må ikkje vite svaret. Eg er ikkje redd for å ikkje vite ting, for å vere fortapt i det gåtefulle universet utan formål — slik er det jo, så vidt eg kan sjå, kanskje. Det skremmer meg ikkje.»
Utan kjelde [endre]
- «Fysikk er som sex: Ja, det kan gi praktiske resultat, men det er ikkje derfor vi gjer det.»
- «Mathematics is not real, but it feels real. Where is this place?»
- «Dei same likningane har dei same løysingane.» (Dvs. når du har løst eit matematisk problem, kan du bruke løysinga i ein annan fysisk sammenheng. Feynman var god til å omforme eit problem til eit han kunne løyse.)
- «Når du er i gang med å løyse eit problem, så la vere å uroe deg. Men etter du har løst problemet, då er det tid til å uro seg.»
- «Det vidunderlige med vitskapen er at han er levande.»
- «Alle fundamentale prosessar er reversible.»
- «Kvar betyr det å forstå? ... Eg veit ikkje.»