Sveve over vatna

Frå Wikiquote

Sveve over vatna er ei bok av Ragnar Hovland.

  • – Eg hugsar at alltid når noko gjekk til helvete så skulda vi det på Arbeidarpartiet og på Gerhardsen. Når ein veg raste saman så sa vi at no hadde Gerhardsen vore her att. Og når det regna i førti dagar og førti netter utan stans, så sa vi at nå får nokon ta og gjere noko med han Gerhardsen. Og når det var ei jente som var på tjukken og ikkje var gift, så sa vi at no har Gerhardsen vore her med sakene sine att.
Side 36, pocketutgåva.
  • – Kva er det som skal til for å redde verda? sa eg. – Har du noka oppskrift?
    – Det trengst skrujern, sa Munk. – Ei mengd med skrujern. Så må vi kommunistar gripe makta og skyte alle faens jævlar som vil ha verda slik ho er, og så må litteraturen bli betre. Forfattarane må skrive betre bøker. Det er mykje det står og fell med.
Side 46, pocketutgåva.
  • Eg sa ein heil del tull som eg ikkje burde sagt, men dei rette orda ville ikkje ut. Dei rette orda sat for seg sjølve på ein stemningsfull kafé, skåla og drakk og hadde det strålande med kvarandre. Ingen tenkte på at eg kunne trenge dei for å berge meg.
Side 60, pocketutgåva.
  • – Du som er slik ein språkekspert, sa eg. – Det er noko eg har lurt på. Det der med krikar og krokar. Eg veit jo kva ein krok er, men kva er ein krik?
      Munk pekte på ein krik.
      – Det er ein krik, sa han. – Det burde du ha visst.
      Eg skjemdest, og skunda meg å kome inn på noko anna.
Side 66-67, pocketutgave.
  • – Her sit eg. Heile livet mitt visste eg at eg ikkje ville bli til noko. Eg blei fødd som ein drit og skal daue som ein drit, og ein drit har eg vore all min dag. Kva var meininga med alt saman?
Side 80, pocketutgåva.
  • – Jeg veit faan ikke hva du snakker om en gang, jeg, sa Sandra.
    – Det gjer ingenting, sa Munk. – Eg veit det knapt sjølv. Hovudsaka er at det blir snakka. Og eg er utpeikt av Gud til å gjere det.
Side 97, pocketutgåva.
  • Vi køyrde videre i stillheit, og forbi ein stille og grøn kyrkjegard. Eg kunne sjå eit par døde som hadde stige opp or gravene sine for å få seg litt sol. Dei sat kvar på sin gravstein og dingla med dei tynne føtene. Den eine kikka i ei avis, og den andre dunka seg sjøl i hovudet, om og om igjen.
Side 152, pocketutgåva.
  • Verten skjenkte oppi ein kopp av den typen som er så liten at når du har drukke han så hugsar du det ikkje, og når dei krev betaling av deg tar du det for ein spøk, og når du ser at det er alvorleg meint begynner du å reflektere over kor absurd verda er og kva er meininga med alt saman.
Side 196, pocketutgåva.
  • Det fanst sjølvsagt ingen heis, men i fellesskap fekk vi kofferten opp.
    – Gjer deg lett, sa eg til kofferten. Men han misforstod og gjorde seg noko forjæklig tung i staden.
    – Kva er det med kofferten din? sa Jean-Jacques. – Kvifor blir han plutseleg så jævlig tung?
    – Han har lett for å misforstå, sa eg.
Side 202, pocketutgåva.
  • Mennesket, tenkte eg, dette underlege dyret som svevar over vatna. Det går både opp og ned med det, men ein sjelden gong når det heilt svimlande høgder av stordom.
Side 299, pocketutgåva.
  • Vi skulder alle Gud ein død, slik vi skulder Lånekassen eit semester vekttal.