Utanfor, i Vest, bryt Have paa

Frå Wikiquote
Jump to navigation Jump to search


Teke frå Romanen Fred
Opphavleg tekst:
«Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand. Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dýn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.»

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1892
Sitattype: Førstelinje
Kontekst: Frå opninga av romanen.

Stikkord
havet
Nordsjøen
Jæren
endeløyse
strender
fridom
heilskap
stordom
«Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju miler lang låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust.»
Nordsjøen bryt mot stranda.
Communauté silhouette modif.jpg
«Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju miler lang låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust.»   Arne Garborg