Wikiquote:Wikifrasar

Frå Wikiquote
Gå til: navigering, søk

Wikifrasar er ei samling sitat frå ulike hald og med ulike føremål. Alt eige innhald blir lagt ut under Creative Commons-lisensen CC-by-sa (Namngje kjelde, del på same vilkår) og GFDL-lisensen. På prosjektet kan ein finna, og leggja inn, ordspråk, faste vendingar og meir eller mindre kjende sitat. Sitata er sorterte i kategoriar. Det finst også eit oversyn over alt som er lagt inn til no.

Dei fleste sitata er lagde inn på nynorsk, med annan opphavleg tekst om han finst. Mange sitat har også kjeldetilvising, tilleggsinformasjon og illustrasjon. Sitata i samlinga kan brukast til å illustrera eller gje bakgrunn om eit emne, ein person eller eit verk. Sitat som blir lagde inn her må ha blitt sagt eller skrive offentleg og bør anten vera kjende i seg sjølv (slik som ordtak) eller vera sagt av ein noko kjend person.

For hjelp til å legga inn sitat, sjå brukarportalen.