Endring
Frå Wikiquote
- Alle sitat om endring
- Endring på Nynorsk Wikipedia.
Endring er det at noko går frå ein tilstand over i ein annan.
«Forandring fryder!»
«Filosofane har nøyd seg med å forklare verda på ulike måtar. Oppgåva er å forandre henne.» Karl Marx
«Å endra verda er som å prøva å retta ut halen på ein hund. Uansett kor mykje ein prøver, vil ein ikkje klara det. Men sjølv om halen ikkje blir rett, vil ein i det minste ha blitt sterkare.» Mata Amritanandamayi
«Aprilvêr og ungjenter likner kvarandre, dei er begge ustadige.»
«Vi vil ikkje gi kaffikjelen venger. Vi vil ikkje forandre tinga våre til fuglar og blomar. Vi vil la kaffikjelen vere kaffikjelen og sjå han stå på frukostbordet, blank av aluminium og fylt med rykande kaffi.» Dag Solstad