Fortida er aldri død. Ho er ikkje eingong fortid.
Utsjånad
Teke frå Google Books
Opphavleg tekst:
«The past is never dead. It's not even past.»
Informasjon
Opphav: William FaulknerKjelde:Requiem for a nun (roman)
Seinare bruk
Sitatet er blitt brukt i mange samanhengar der fortid er eit aktuelt tema, til dømes i samband med Sørstatane under raseskiljetida. (Døme) Til dømes hadde ei bok frå 2009 om rettssaken mot ein Ku Klux Klan-mordar tittelen The past is never dead: the trial of James Ford Seale and Mississippi's struggle for redemption. Drapet fann stad i 1964, medan rettssaken blei halden i 2007.
I 2008 siterte Barack Obama Faulkner i ein tale han haldt i Philadelphia om raserelasjonar.
Han omforma orda noko, til «The past isn't dead and buried. In fact, it isn't even past.» (Talen ved barackobama.com)
Stikkord
fortid historie minne |
«Fortida er aldri død. Ho er ikkje eingong fortid.»
«Fortida er aldri død. Ho er ikkje eingong fortid.» William Faulkner