Hopp til innhald

I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få.

Frå Wikiquote


Teke frå Halldis Moren Vesaas på Nynorsk Wikipedia
Opphavleg tekst:
«Når livet bruste som høgst i ein, i lykke eller smerte, vart diktet til, gjorde teneste som ein ventil, rett og slett, som i den fosskokande gryta vi lærte om i fysikktimane da vi var små. I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få. Dei melde seg ikkje da, og som regel nyttar det lite å mane dei fram.»

Informasjon
Opphav: Halldis Moren Vesaas

Kjelde:Ord over grind (diktsamling)
År: 1965
Kontekst: I forordet til Ord over grind, utvalde dikt (1965).

Sjå og «Dikta [...] har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve» frå same diktsamling.

Stikkord
gryter
inspirasjon
produksjon
livet
dikt
«I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få.»
Boblande ayahuasca-gryte.
«I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få.»   Halldis Moren Vesaas