Livet

Frå Wikiquote
Gå til: navigering, søk
Ulike livsstadium for ei kvinne på 1800-talet.

Livet er tidsrommet frå ein blir fødd (eller unnfanga) og til ein døyr.

Communauté silhouette modif.jpg

Livet stormar og strøymer.
Hugen leikar og augo lær,
Elsken gløder og hjarta slær;
det er stunder ein aldri gløymer.

  Arne Garborg
Communauté silhouette modif.jpg

«Aldri hadde vi tenkt slike tankar eller sett slike syner nokon av oss unge før; aldri hadde vi drøymt om at det fanst eit liv, so rikt, so fagert; aldri hadde vi visst at Gud var so herleg og god — og kunne få oss menneskje òg so store og gode!»   Andreas Austlid

Communauté silhouette modif.jpg

Ut vert sigta og brende upp
her attum den myrke Port
alle som søkte i Live seg sjølve
og sumla seg sjølve burt.

  Arne Garborg
Communauté silhouette modif.jpg

«Dei dikta som gjennom åra «steg ned» til meg har da òg vore eit slags biprodukt av det å leve.»   Halldis Moren Vesaas

Communauté silhouette modif.jpg

«Når ein mann er trøytt av London er han trøytt av livet; for i London finst alt som livet kan tilby.»   Samuel Johnson

Communauté silhouette modif.jpg

«For med ei kvinne går ein mann under, og utan ei kvinne kan han ikkje leva»   Arne Garborg

Communauté silhouette modif.jpg

«Kvar augneblink av den lukkelege elskaren sin time er verdt ei æve av eit kjedeleg og vanleg liv.»   Aphra Behn

Communauté silhouette modif.jpg

Men over dette smuldrende arkiv
av sprøde tanker, spinkle aforismer,
faldt ned, som fra vidunderlige prismer,
en ensom Straale; funklende af liv!

  Olaf Bull
Communauté silhouette modif.jpg

«No er det på tide å gå herfrå, eg for å dø, de for å leva. Kven av oss som går til det beste, det er skjult for einkvar, bortsett for gudane.»   Sokrates

Communauté silhouette modif.jpg

«Me priser dauden, men me elskar livet.»   Arne Garborg