John F. Kennedy

Frå Wikiquote
Gå til: navigering, søk
John F. Kennedy


John Fitzgerald Kennedy (1917–1963), var president i USA frå 1961 til 1963, som nummer 35 i rekkja, og den første katolske presidenten i landet.

Communauté silhouette modif.jpg

«Menneska må få ein ende på krig, elles vil krig gjera ende på menneska.»

Communauté silhouette modif.jpg

«Fridom har mange vanskar og demokrati er ikkje perfekt, men me har aldri reist ein mur for å halda folket vårt inne, for å hindra dei frå å forlata oss.»

Communauté silhouette modif.jpg

«Me vel å dra til månen i dette tiåret og gjera andre ting, ikkje fordi dei er lette, men fordi dei er vanskelege.»

Communauté silhouette modif.jpg

«Det er mange menneske i verda som ikkje heilt forstår, eller seier dei ikkje gjer det, kva som er den store skilnaden mellom den frie verda og den kommunistiske verda. Lat dei koma til Berlin. Der er nokon som seier at kommunismen er framtidsbølgja. Lat dei koma til Berlin. Og det er nokon som seier, i Europa og andre stader, at me kan samarbeida med kommunistane. Lat dei koma til Berlin. Og det finst til og med nokre få som seier at det er sant at kommunismen er eit vondt system, men det tillet oss økonomisk framgang. Lasst sie nach Berlin kommen. Lat dei koma til Berlin.»

Communauté silhouette modif.jpg

«Ich bin ein Berliner»