Søner

Frå Wikiquote
Skulptur av ein son



Skulptur av ein son

Søner er avkom av hannkjønn.


Teke frå Den burtkomne Faderen på Wikikilden
Opphavleg tekst:
«Eg hadde levt som den burtkomne Sonen og var som han komen i Naud; men daa eg som han søkte heim att, var Faderen burte.»

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:Den burtkomne Faderen (roman)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1899
Sitattype: Førstelinje
Kontekst: Frå opninga av romanen.

Stikkord
søner
fedre
manglar
likningar
bibelsoger
«Eg hadde levd som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var faderen borte.»
'Den bortkomne sonen' av Auguste Rodin.


«Eg hadde levd som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var faderen borte.»   Arne Garborg



Teke frå Wikikilden

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:Den burtkomne Faderen (roman)
VII
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1899

Stikkord
søner
fedrar
fornekting
slekt
språk
morsmål
«Ja det var rart: å ha søner, som ikkje kunne farsmålet sitt. Kvar gong dei opna munnen, høyrdest det for meg som dei fornekta far sin og farsfolket og alt mitt.»


«Ja det var rart: å ha søner, som ikkje kunne farsmålet sitt. Kvar gong dei opna munnen, høyrdest det for meg som dei fornekta far sin og farsfolket og alt mitt.»   Arne Garborg



Teke frå Engelsk Wikiquote som oppgjev No Ordinary Genius : The Illustrated Richard Feynman (1996) av Christopher Simon Sykes, s. 161.
Opphavleg tekst:
«Tell your son to stop trying to fill your head with science — for to fill your heart with love is enough.»

Informasjon
Opphav: Richard Feynman

Kjelde:Brev frå Richard Feynman til Mrs. Chown
År: 1981
Kontekst: Brevet blei skrive til Marcus Chown si mor etter at guten hadde sett eit program på BBC om Richard Feynman i 1981. Han skreiv til Feynman og ba han senda mor hans ei bursdagshelsing med håp om at dette kunne hjelpa han å forklara henne vitskaplege idear.

Sitatet er også velkjend under parafrasen:

Dear Mrs. Chown, Ignore your son's attempts to teach you physics. Physics isn't the most important thing. Love is. Best wishes, Richard Feynman.
Stikkord
vitskap
kjærleik
søner
mødrer
«Be sonen din stoppa å prøva å fylla hovudet ditt med vitskap — å fylla hjartet ditt med kjærleik er nok.»


«Be sonen din stoppa å prøva å fylla hovudet ditt med vitskap — å fylla hjartet ditt med kjærleik er nok.»   (brev frå Richard Feynman til Mrs. Chown)