Juleevangeliet

Frå Wikiquote
«De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Austerriksk glasmåleri frå 1800-talet.

Juleevangeliet er den evangeliske forteljinga om fødselen til Jesus.


Teke frå Lukas 2:1-3 ved bibel.no. Nynorskomsetjing av Det nye testamentet frå 2005.

Informasjon
Opphav: Evangelisten Lukas

Kjelde:Det nye testamentet (heilag bok)
Lukas-evangeliet
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 2005
Kontekst: Frå nynorskomsetjinga av nytestamentet frå 2005

Stikkord
Augustus av Romarriket
folketeljingar
reise
heimstader
Romarriket
keisarar Juleevangeliet
«I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.»
Reisa til Betlehem.


«I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.»   Evangelisten Lukas



Teke frå w:Juleevangeliet. Lukas 2:9-12. Nynorsk bibelomsetjing frå 1978.

Informasjon
Opphav: Evangelisten Lukas

Kjelde:Lukas-evangeliet (heilag bok)
Det nye testamentet
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 1978
Kontekst: Frå nynorskomsetjinga av nytestamentet frå 1978

Stikkord
englar
jul
Jesus
Kristus
krybber
Juleevangeliet
«Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei; «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn. De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
Engelen med gjetarane av Rembrandt.


«Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei; «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn. De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»   Evangelisten Lukas