Tytebær

Frå Wikiquote
Hopp til navigering Hopp til søk






Opphavleg tekst:

«Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.

Eingong seint om Hausten
Lagde liten Svein til Bærskogs ut:
"Raudt eg lyser," Bæret sagde,
"kom åt meg, du Vesle-Gut.

Her ifrå du meg må taka;
Mogi Bær er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
Svaledrykken av mitt Blod!

Mognar du, so vil du beda
Just den same Bøn, som eg.
Mogen Mann det mest må gleda,
Bort for Folk å gjeva seg.»


Informasjon
Opphav: A.O. Vinje

Kjelde:«Tytebæret» (dikt)
Dølen (tidsskrift)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1858

Stikkord
tytebær
grønt
håp
oppfostring
skog
bær
haust

Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.

Tytebær


Communauté silhouette modif.jpg

Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.

  A.O. Vinje