Drikking

Frå Wikiquote
Gå til: navigering, søk



Drikkande bier

Drikking er det å ta til seg væske gjennom munnen. Som omgrep viser det ofte til å drikka alkohol.


Teke frå Haavamaal ved Wikikilden
Opphavleg tekst:

«Spar ikkje mjøden,
men med maate du drikk;
seg det som tarvst eller teg!
Inkje nokon
neise deg kann
for du tidleg vil kvile om kveld.»


Informasjon

Tillagt Odin

Kjelde:«Håvamål» (dikt)
Kontekst: Vers 19
Sjå òg
Stikkord
drikking
mjød
måtehald

Spar ikkje mjøden,
men med måte du drikk.

«Korleis sveitsisk mjød påverker tsjekkiske magar». Vitseteiking frå 1883.


Communauté silhouette modif.jpg

Spar ikkje mjøden,
men med måte du drikk.

(Tillagt Odin)


Opphavleg tekst:
«对酒当歌 duì jiǔ dāng gē»

Informasjon

Kinesisk ordtak


Opphavleg mål: Mandarin
Kontekst: Denne aforismen blei sagt av general Caocao i 'Romanen om dei tre kongedøma'. Ordtaket blir ofte brukt i tydinga 'livet er kort', og at ein bør nyta det mens ein kan. Ei anna tyding kan vera at ein bør prøva å oppfylla ambisjonane sine når ein har høvet.
Sjå òg
Stikkord
vin
drikking
song
«Drikk ein vin, bør ein synga.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Drikk ein vin, bør ein synga.» Kinesisk ordtak


Teke frå Wikikjelden
Opphavleg tekst:

«Og Guten drikk seg eit lite Mot;
so sullar dei fram paa dansande Fot
og held seg i varme Hendar.
Aa hei! ropar Guten og svinger sin Arm;
og Gjenta smyg etter so sæl og varm
og lær med dei kvite Tennar.»


Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:«Ungdom» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895

Stikkord
ungdom
gutar
drikking
mot
dans
alkohol

Og gutane drikk seg eit lite mot;
så sullar dei fram på dansande fot
og held seg i varme hender.

Tiers-état.jpg


Communauté silhouette modif.jpg

Og gutane drikk seg eit lite mot;
så sullar dei fram på dansande fot
og held seg i varme hender.

  Arne Garborg


Teke frå Ian Spencer Hornsey A history of beer and brewing
Opphavleg tekst:
«We are fighting Germany, Austria and Drink, and as far as I can see, the greatest of these three deadly foes is Drink.»

Informasjon
Opphav: David Lloyd George
Opphavleg mål: Engelsk

År: 1915

Periode: Første verdskrigen
Kontekst: Mangel på militært utstyr i første verdskrigen var ein nasjonal britisk skandale, og mange la skulda på alkoholvanane til arbeidarane som produserte materiellet. Den dåverande finansministeren Lloyd George kom med utsegna då han vitja Bangor i Wales den 28. februar 1915.
Seinare bruk

Utsegna blei raskt vidareformidla i media (som New York Times, 30. mars 1915) og i seinare samanhengar. Ho blei sitert i ein alkoholdebatt i Overhuset 10. juni 1941. Seinare er ho mykje brukt i historisk samanheng for å illustrera dåtidas alkoholsyn.

Stikkord
alkohol
drikking
fiendar
øydelegging
Austerrike
Tyskland
«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.»
Ølglas og kort. Målerei av Juan Gris frå 1913.


Communauté silhouette modif.jpg

«Me kjempar mot Tyskland, Austerrike og drikk, og så vidt eg kan sjå, er den største av desse tre daudelege fiendane drikk.»   David Lloyd George


Teke frå Wikisource
Opphavleg tekst:
«like Tennis Balls between two Rackets, the Fopps our Husbands are bandied to and fro all day between the Coffee-house and Tavern, whilst we poor souls sit mopeing all alone till Twelve at night»

Informasjon

Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org

Stikkord
kaffi
drikking
kaffihus
vertshus
einsemd
tennis
viljeløyse
«Som tennisballar mellom to rekkertar blir dei lapsete ektemennene våre dagen lang drivne fram og tilbake mellom kaffihuset og vertshuset, medan me arme stakkarar sit forlatne åleine heime til midnatt.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Som tennisballar mellom to rekkertar blir dei lapsete ektemennene våre dagen lang drivne fram og tilbake mellom kaffihuset og vertshuset, medan me arme stakkarar sit forlatne åleine heime til midnatt.» (Tillagt kvinner frå London)


Teke frå Wikisource
Opphavleg tekst:
«besides, we have reason to apprehend and grow Jealous, That Men by frequenting these Stygian Tap-houses will usurp on our Prerogative of tattling, and soon learn to exceed us in Talkativeness: a Quality wherein our Sex has ever Claimed preheminence: For here like so many Frogs in a puddle, they sup muddy water, and murmur insignificant notes»

Informasjon

Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org

Stikkord
kaffi
drikking
snakking
sladder
froskar
menn
kvinner
«I tillegg har me grunn til å frykta og misunna menn, som ved å dra til desse helvetes drikkehola kanskje vil ta over vår hevd på sladder, og snart vil læra å overgå oss i snakksamheit - ein eigenskap vårt kjønn alltid før har vore eineståande i - for her, som froskar i ein pytt, drikk dei sølevatn og mumlar fram uviktige notar.»
Interior of a London Coffee-house. Måleri frå 1600-talet.


Communauté silhouette modif.jpg

«I tillegg har me grunn til å frykta og misunna menn, som ved å dra til desse helvetes drikkehola kanskje vil ta over vår hevd på sladder, og snart vil læra å overgå oss i snakksamheit - ein eigenskap vårt kjønn alltid før har vore eineståande i - for her, som froskar i ein pytt, drikk dei sølevatn og mumlar fram uviktige notar.» (Tillagt kvinner frå London)


Teke frå Wikisource
Opphavleg tekst:
«Certainly our Countrymens pallates are become as Fantastical as their Brains; how ellse is't possible they should Apostatize from the good old primitve way of Ale-drinking, to run a whoring after such variety of distructive Foreign Liquors, to trifle away their time, scald their Chops, and spend their Money, all for a little base, black, thick, nasty, bitter, stinking, nauseous Puddle-water»

Informasjon

Tillagt kvinner frå London
Kjelde:The Women's Petition against Coffee (pamflett)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1672
Kontekst: The Women's Petition against Coffee blei gjeven ut anonymt, signert «By a Well-willer». I sjølve teksten blei opphavsmennene presentert som «The Humble Petitions and Address of Several Thousands of Buxome Good-Women, Languishing in Extremity of Want.» Det er usikkert om det i det heile var kvinner som stod bak pamfletten. Han blei seinare svart på av The Men’s Response to the Women’s Petition Against Coffee. laphamsquarterly.org

Stikkord
kaffi
vanvit
drikking
øl
menn
endring
smak
sløsing
«Visst er ganane til våre landsmenn blitt like vanvittige som hjernane deira. Koss er det elles mogleg at dei har blitt kjettarar mot den gode gamle primitive øldrikkinga, og heller hora rundt etter slik ei blanding av øydeleggjande utanlandske drikkar, å fordriva tida, skålda munnane og sløsa bort pengane sine, berre for litt forderveleg, svart, tjukt, fælt, bittert, stinkande og kvalmande sølevatn.»
Sitjande tyrkar med kaffikopp. Porselensfigur frå omlag 1770.


Communauté silhouette modif.jpg

«Visst er ganane til våre landsmenn blitt like vanvittige som hjernane deira. Koss er det elles mogleg at dei har blitt kjettarar mot den gode gamle primitive øldrikkinga, og heller hora rundt etter slik ei blanding av øydeleggjande utanlandske drikkar, å fordriva tida, skålda munnane og sløsa bort pengane sine, berre for litt forderveleg, svart, tjukt, fælt, bittert, stinkande og kvalmande sølevatn.» (Tillagt kvinner frå London)


Opphavleg tekst:
«I view tea drinking as a destroyer of health, an enfeebler of the frame, an en-genderer of effeminancy and laziness, a debaucher of youth and maker of misery for old age. Thus he makes that miserable progress towards that death which he finds ten or fifteen years sooner than he would have found it if he had made his wife brew beer instead of making tea.»

Informasjon
Opphav: William Cobbett

Kjelde:Cottage Economy (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1821

Stikkord
te
helse
forderving
latskap
drikking
«Eg ser på tedrikking som noko som øydelegg helsa, svekker kroppen, dyrker latskap og umannlegdom, forderver ungdom og forringer alderdom.»
The Cup of Tea måla av Mary Cassatt i 1880.


Communauté silhouette modif.jpg

«Eg ser på tedrikking som noko som øydelegg helsa, svekker kroppen, dyrker latskap og umannlegdom, forderver ungdom og forringer alderdom.»   William Cobbett