Endring
- Alle sitat om endring
- Endring på Nynorsk Wikipedia.

Endring er det at noko går frå ein tilstand over i ein annan.
Opphavleg mål: Norsk
Norsk ordtak
Omgrepet kan brukast nettopp i samband med endringar som skal oppfattast som positive, men også med motsett tyding, der ein ikkje er nøgd med at noko endrer seg. (til dømes «Norske jordbrukslandskap: Forandring fryder?»)
Forandring fryder var eit oppussingsprogram på NRK leia av Hilde Hummevoll.
endring glede gode ting |

«Forandring fryder!»
Kjelde:møte med Riitta Uosukainen (samtale)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 2000
Kontekst: Frå Amma sin samtale med Riitta Uosukainen, talsperson for det finske parlamentet.
endring halar styrke hundar det umoglege |
betring |

«Å endra verda er som å prøva å retta ut halen på ein hund. Uansett kor mykje ein prøver, vil ein ikkje klara det. Men sjølv om halen ikkje blir rett, vil ein i det minste ha blitt sterkare.» Mata Amritanandamayi

«Filosofane har nøyd seg med å forklare verda på ulike måtar. Oppgåva er å forandre henne.» Karl Marx
Kjelde:Wind of Change (tale)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1960
Kontekst: Tale til det sørafrikanske parlamentet 3. februar 1960.
Afrika endring nasjonalisme vind Sør-Afrika |

«Ein vind av forandring bles gjennom denne verdsdelen, og anten me liker det eller ikkje, er denne veksten av nasjonalt medvit eit politisk faktum.» Harold Macmillan

«Aprilvêr og ungjenter liknar kvarandre, dei er begge ustadige.» Dansk ordtak
Kjelde:Svingstol (bok)
Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger (tekst)
År: 1967
Kontekst: Teksten ”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger” [...] på om lag to sider summerer Profil-gruppa sin poetikk opp på ein enkel og grei måte. forfattar.net
kaffi ting dikting endring aluminium |

«Vi vil ikkje gi kaffikjelen venger. Vi vil ikkje forandre tinga våre til fuglar og blomar. Vi vil la kaffikjelen vere kaffikjelen og sjå han stå på frukostbordet, blank av aluminium og fylt med rykande kaffi.» Dag Solstad
Kjelde:Krogkleven (kapittel)
En Jægers Erindringer (bok)
Opphavleg mål: Dansk
År: 1850
norsk natur endring skyer lys skugge |

«Eg hadde vel vore her hundre gonger, men denne kleiva sin største verdi er den at ho aldri er lik seg sjølv. Snart kviler skya seg på fjeltoppane og glir neste aguneblink ned i dalen, snart speler lysinga i dei sterkaste fargar hit og dit langs åssidene, medan enkelt parti ligg ei ein nesten svartleg skugge.» Bernhard Herre