Offer

Frå Wikiquote
Gå til: navigering, søk





Communauté silhouette modif.jpg

«Viss du ikkje er rede til å døy for det, ta ordet 'fridom' ut av ordforrådet ditt.»   Malcolm X


Opphavleg tekst:
«Dulce et decorum est pro patria mori»

Informasjon
Opphav: Horats

Kjelde:Carmina
Opphavleg mål: Latin
Kontekst: Fullstendig vers:

Dulce et decorum est pro patria mori:
mors et fugacem persequitur virum
nec parcit inbellis iuventae
poplitibus timidove tergo.

Engelsk omsetjing:

How sweet and honourable it is to die for one's country:
Death pursues the man who flees,
spares not the hamstrings or cowardly backs
Of battle-shy youths.

Seinare bruk

Linja er velbrukt, både bokstavleg med patriotisk meining og med meir ironisk eller kritisk and. Ho er særleg nytta i samband med første verdskrigen. I 1913 blei ho innskriven på veggen i den britiske offiserleiren Royal Military Academy Sandhurst, og sitatet eller forkortinga «pro patria moria» er brukt ved ei rekkje institusjonar og minnesmerke. Wilfred Owen sitt dikt «Dulce Et Decorum Est» skildrar eit gassåtak og kallar linja «the old lie», 'den gamle løgna'.

I «Hugh Selwyn Mauberley» av Ezra Pound blir linja gjort om til «Died some, pro patria, non 'dulce' non 'et decor'».

(Frå Engelsk Wikipedia)

Stikkord
død
offer
fedreland
patriotisme
«Det er godt og rett å døy for fedrelandet.»
Royal Military College of Canada stained glass window St. Andrew's Presbyterian Church (Kingston, Ontario).JPG


Communauté silhouette modif.jpg

«Det er godt og rett å døy for fedrelandet.»   Horats


Opphavleg tekst:
«I disapprove of what you say, but I will defend to the death your right to say it.»

Informasjon
Opphav: Evelyn Beatrice Hall

Tillagt Voltaire
Kjelde:The Friends of Voltaire (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1906
Kontekst: Sitatet tillagt Voltaire stammar frå boka The Friends of Voltaire frå 1906, som Evelyn Beatrice Hall gav ut under løyndenamnet S(tephen) G. Tallentyre.

For meir, sjå Voltaire wrote, ....

Stikkord
meiningar
offer
rettar
utsegner
ytringsfridom
«Eg er ueinig i det du seier, men vil forsvara med livet retten din til å seia det.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Eg er ueinig i det du seier, men vil forsvara med livet retten din til å seia det.» (Tillagt VoltaireEvelyn Beatrice Hall


Teke frå «omelette» i Oxford English Dictionary
Opphavleg tekst:
«On ne saurait (on ne peut) pas faire une omelette (des omelettes) sans casser des œufs.»

Informasjon

Fransk ordtak
Tillagt m.a. Robespierre, Napoleon og Lenin.
Opphavleg mål: Fransk
Kontekst: Tyding: Ein kan ikkje få til noko nyttig utan å øydeleggja noko anna.

Dette kjende ordspråket er tillagt fleire kjende historiske personar, som Robespierre, Napoleon og Lenin, utan at det finst faste haldepunkt for dette.

Kjelder «omelette» i Oxford English Dictionary

phrases.org.uk/bulletin_board
Seinare bruk

Utsegnet er teke opp igjen og brukt, særleg i samband med krigføring. Eit sitat frå The Times den 10. januar 1898 seier til dømes:

«Omelettes cannot be made without breaking eggs, and war cannot be waged without losses of this kind occurring.»
På norsk er det mellom anna teke opp att av Odd Børretzen i «Generalene» (Vintersang, 1997).
Sjå òg
Stikkord
egg
eggeretter
øydelegging
offer
framgang
omelett
«Ein kan ikkje laga omelett utan å knusa egg.»
Fransk omelett (Foto: David Monniaux)


Communauté silhouette modif.jpg

«Ein kan ikkje laga omelett utan å knusa egg.» Fransk ordtak (tillagt m.a. Robespierre, Napoleon og Lenin.)