Åkrar

Frå Wikiquote
Hopp til navigering Hopp til søk



Along highway 15, Sonora.jpg




Informasjon

Kjelde:Bibelen (heilag bok)
Jesajas bok
Studentmållagsbibelen
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1921
Kontekst: Jesajas bok 28:2 i Studentmållagsbibelen, ei omsetjing frå 1921.

Stikkord
bygg
korn
såing
spelt
åkrar
landbruk
«Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?»
Såmann måla av Jean-François Millet.


Communauté silhouette modif.jpg

«Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?»


Teke frå nb.no. Side 25 i boka.
Opphavleg tekst:
«Det eg skal kalla vakkert, det maa vera gule aakrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lider med skog. Det er vakkert aat meg, for der kan det bu folk»

Informasjon
Opphav: Andreas Austlid

Tillagt far til Austlid
Kjelde:Salt fraa folkehøgskulen (bok)

År: 1926
Kontekst: Andreas Austlid fortel frå ein samtale med faren der dei var usamde om kva som var vakkert. Han såg venleik i den ville naturen, faren såg det i den dyrka jorda. Med åra tok Austlid til seg faren sitt syn.
Sjå òg
Stikkord
venleik
åkrar
grøde
bustader
norsk landskap
bygg
erter
rug
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.»
Gard i Ulheim på Dovre.


Communauté silhouette modif.jpg

«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.» (Tillagt far til Austlid)  Andreas Austlid


Opphavleg tekst:

«Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde som lange Røysir. I desse Heimane bur Folke.»

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål

År: 1892
Sjå òg
Stikkord
Jæren
bustader
grender
steingardar
hus
norsk landskap
åkrar
«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»
Frå Obrestad på Jæren. (Foto: Ruth Hetland)


Communauté silhouette modif.jpg

«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»   Arne Garborg