Forum Jæren

Frå Wikiquote
Hopp til navigering Hopp til søk

Sitat frå Forum Jæren, eit høgbygg på Bryne i Rogaland. Sitata av 27 rogalandsforfattarar er plassert over kvar heisdør i 18 etasjar.

  • "Etter å ha budd i så mange år/ i det same huset/ kan du enno drøyma/ at du oppdagar nye rom." ~ Alf Saltveit


Teke frå Jærbladet 16.12.2009

Informasjon
Opphav: Jan Askelund

Kjelde:Kameleonen er mitt dyr (diktsamling)
År: 1992

Stikkord
kjærleik
elsk
tid
«Det finst utstrekte augneblinkar. Elsk, heiter dei.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Det finst utstrekte augneblinkar. Elsk, heiter dei.»   Jan Askelund

  • "Kvar kveld reier orangutangane på Sumatra seg seng høgt i tretoppane. Breier lauv godt over seg, før dei legg seg til å sova." ~ Arnt Birkedal
  • "Nok eit hus, endå fleire folk å kjenne, endå fleire rom og stader å knyte seg til." ~ Ørjan Drange


Teke frå Felix fabula les av Jorun Gulbrandsen, Grete Letting og Rigmor Haugsand (ill.) nb.no

Informasjon
Opphav: Helge Torvund

Kjelde:«Gjennom skodda» (dikt)
Natt i nytt hus (antologi)
Kontekst: Diktet var del av Klok på bok-konkurransen i Dag og Tid i 2003. Klok på bok: Klok på latskap

Det er skrive opp på ein av etasjane i Forum Jæren.

Stikkord
kyr
rauting
brunfarge
helsingar
skodde
haiku

Gjennom skodda
Eit brunt mø
Hei ku!

Braunvieh Kälber Hohe Kugel 2.JPG


Communauté silhouette modif.jpg

Gjennom skodda
Eit brunt mø
Hei ku!

  Helge Torvund


Teke frå dokpro.uio.no
Opphavleg tekst:
«Eg vert ikkje lengi verande her; lat oss vera Menneskje mot kvarandre og ikkje Partimennar.»

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:Ein Fritenkjar (roman)
År: 1878
Kontekst: Diktet er skrive opp på ein av etasjane i Forum Jæren.

Stikkord
menneske
konflikt
politikk
«Eg vert ikkje lengi verande her; lat oss vera menneskje mot kvandre og ikkje partimennar.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Eg vert ikkje lengi verande her; lat oss vera menneskje mot kvandre og ikkje partimennar.»   Arne Garborg

  • "Tenkje seg til å ha ein kjærast i Sunde Hageby, med ein far som er ferjemaksinist og les Aristoteles om nettene." ~ Finn Øglænd
  • "Du må måla luftslottet ditt blått, sa ho. Det gjer eg. Då held det med eitt strøk." ~ Kjartan Fløgstad
  • "Det ligg kaninungar under isen som veit alt. Øyro over isen høyrer alt og veit at det går ein mandolinstreng etter fjorden." ~ Inger Bråtveit
  • "Ein gong må bli den siste. Var siste gongen sist du var der? Eller blir det i morgon?" ~ Alfred Hauge
  • "Seinare då eg låg i grøfta med blødande kne såg eg ein syklande engel over himmelen." ~ Odveig Klyve


Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: Halvdan Magnus Hansen

Kjelde:«Toget» (dikt)
Utan å ta metermålet fra (diktsamling)
År: 1998
Kontekst: Diktet er skrive opp på ein av etasjane i Forum Jæren.

Stikkord
byar
sletter
merke
monologar
metaforar
syntaks
litteratur
jernbane
bøker

Stasjonsbyen ligg som eit bokmerke
På den store sletta.
(Midt mellom to monologar i ei tynn bok
Der syntaksen er god men metaforane slitne)


Communauté silhouette modif.jpg

Stasjonsbyen ligg som eit bokmerke
På den store sletta.
(Midt mellom to monologar i ei tynn bok
Der syntaksen er god men metaforane slitne)

  Halvdan Magnus Hansen
  • "Det er noko med Jæren. Eg veit ikkje kva. Men eg kjenner det er her. Er her!" ~ Tobias Skretting
  • "Vårkveldane teikna vi himmelstigar/ Eit hopp eit hink eit hopp/ Rett inn i paradis." ~ Jan Inge Sørbø
  • "Dessutan har eg høyrt at Gud bur i detaljane. Vil eg oppdage han, går det ikkje an å slumse i veg." ~ Anne Karin Torheim
  • "Han hadde ikkje fortent det/ Men han hadde fått det/ Kva skulle han gjera? Seia takk." ~ Tor Obrestad
  • "Ho tek hendene hans og løfter dei opp mot andletet sitt. Han kjenner augevippene yra inne i handflatene." ~ Heidi Hjorteland
  • "... ein skal vera i godlag når ein ét. Ein hyggjeleg samtale ved borde er meir verd enn eit heilt apotek med dropar og helsesalt." ~ Hulda Garborg
  • "Her oppe i høgda, min venn, her var det du eingong tenkte å bygge tre hytter:..." ~ Åse Marie Nesse
  • "No var det retteleg gildt du fann vegen, - det er so sjeldan du kjem, - du kjem mykje for lite, korleis kan det ha seg? Det er løye du finn leida, du som er her so sjeldan." ~ Torvald Tu


Teke frå søk i nb.no

Informasjon
Opphav: Kolbjørn Hauge
gjennom Arthur Andersen

Kjelde:Nord og ned (roman)
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 2003
Kontekst: Sitatet er attgjeve i Forum Jæren

Stikkord
landskap
fjordar
Cuba
Noreg
fred
«Det var så lett å oversjå alt det positive. Ein høg himmel, ein brei fjord, eit landskap like frodig som Cuba. Eit pubfritt og taggefritt samfunn som kunne gi fred i sjela til folk.»
Øylandskap i Ryfylke


Communauté silhouette modif.jpg

«Det var så lett å oversjå alt det positive. Ein høg himmel, ein brei fjord, eit landskap like frodig som Cuba. Eit pubfritt og taggefritt samfunn som kunne gi fred i sjela til folk.»   Kolbjørn Hauge

  • "Når dei nyforlova rir mot solnedgangen, føler ein at dette er slutten. Men i kjøkkenhagen til Askepott gror graskara like frodig som før. Og uti skogen ventar dyra og dvergane." ~ Solveig Aareskjold
  • "Vona ligg mellom akselblada, mellom brystet og knea ein stad. Og ein spør ikkje etter historia. Ein må starte framanfor - før hsitoria - lage ny historie." ~ Else Karin Bukkøy


Teke frå Jærbladet 16.12.2009

Informasjon
Opphav: Agnes Ravatn

Kjelde:Veke 53 (roman)
År: 2007

Stikkord
draumar
svar
«Svaret på alt eg lurte på kom til meg i ein draum. Men draumar er jo berre grums og undertrykte behov, det er noko alle veit, så det var ei kortvarig glede.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Svaret på alt eg lurte på kom til meg i ein draum. Men draumar er jo berre grums og undertrykte behov, det er noko alle veit, så det var ei kortvarig glede.»   Agnes Ravatn

  • "Pølsa og brødet er basisen, ikkje sant? Har du ikkje det i orden, nyttar det faen ikkje med all verdas heimelaga rekesalatar og remuladar for å dekkja over det." ~ Arild Rein


Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: Rasmus Løland

Kjelde:Nervesliten (forteljing)
År: 1896

Stikkord
rom
ro
uro
bytte
slott
«Eg kjende, kor eg heldt av dette vesle, stille, rare rommet mitt; eg bytte det ikkje burt mot eit slott fullt av uro.»


Communauté silhouette modif.jpg

«Eg kjende, kor eg heldt av dette vesle, stille, rare rommet mitt; eg bytte det ikkje burt mot eit slott fullt av uro.»   Rasmus Løland

  • "Ein kunne til dømes tenkje seg at ho ein morgon hadde fått auge på ein liten flokk rådyr som kom ut frå skogen og sprang over markene,...." ~ Nils Henrik Smith

Sitata er vald ut av Arnt Birkedal og henta frå ein artikkel i Jærbladet 16.12.2009.