Hender

Frå Wikiquote



Hender
Hendene til kunstnaren og kona hans måla av Rubens.

Hender er kroppsdelane ytst på armane som me bruker til å gripa og handtera ting med.


Teke frå Halldis Moren Vesaas på Nynorsk Wikipedia

Informasjon
Opphav: Halldis Moren Vesaas

Kjelde:«Lykkelege hender» (dikt)
Lykkelege hender (diktsamling)
Opphavleg mål: Nynorsk

År: 1936
Sjå òg
Stikkord
hender
gjerningar
lukke
mål
nytte
meining

Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei
går dei dagen lang.

Hender farga gurkemeie-gule, ein lukkebringande farge innan hinduismen.


Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei
går dei dagen lang.

  Halldis Moren Vesaas



Teke frå tealeaves.com
Opphavleg tekst:
«In my own hands I hold a bowl of tea; I see all of nature represented in its green color.»

Informasjon
Opphav: Soshitsu Sen XV
Opphavleg mål: Engelsk
Stikkord
te
grønt
natur
allting
hender
drikkekar syn
filosofi
«Eg held ein bolle te i mine eigne hender; i den grøne fargen hans ser eg heile naturen.»
Ein liten kopp grøn te. (Foto: Robert Donovan)


«Eg held ein bolle te i mine eigne hender; i den grøne fargen hans ser eg heile naturen.»   Soshitsu Sen XV



Teke frå Edmund Blackadder, «Head» i serie 2, Blackadder II
Opphavleg tekst:
«Yes, you are to be... you are to be congratulated, my friend. We live in an age where illness and deformity are commonplace, and yet, Ploppy, you are, without a doubt, the most repulsive individual I've ever met. I would shake your hand, but I fear it would come off.»

Omsett: Me lever i ei tid der sjukdom og skavankar er vanlege, og likevel, Ploppy, er du, utan tvil, det mest fråstøytande individet eg nokon sinne har møtt. Eg ville ha tatt deg i handa om eg ikkje frykta at ho kom til å falla av.


Informasjon
Opphav: Rowan Atkinson som Edmund Blackadder

Kjelde:Blackadder (fjernsynsserie)
År: 1986

Stikkord
mellomalderen
sjukdom
lyter
hender
handhelsing
Blackadder
humor
ekkelt
«Eg ville ha tatt deg i handa om eg ikkje frykta at ho kom til å falla av.»
Krøplingar måla av Pieter Bruegel den eldre i 1568.


«Eg ville ha tatt deg i handa om eg ikkje frykta at ho kom til å falla av.»   Rowan Atkinson som Edmund Blackadder  frå Blackadder, 1986



Teke frå Wikikjelden
Opphavleg tekst:

«Han rettar ut si bleike blaa Hand;
ho skjelv av Uro og Otte.
Men daa den Møy skuld’ kysse den Mann,
daa hadde han Munn som ei Rotte.
«Aa Jesus» — Ho bed
um Frelse og Fred
og sig i Uvìt av Benken ned.»


Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:«Lage» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
År: 1895

Stikkord
kyss
uhygge
forføring
underjordiske
forvandling
hender
munnar
rotter
uro

Han rettar ut si bleike blaa Hand;
ho skjelv av Uro og Otte.
Men daa den Møy skuld’ kysse den Mann,
daa hadde han Munn som ei Rotte.


Han rettar ut si bleike blaa Hand;
ho skjelv av Uro og Otte.
Men daa den Møy skuld’ kysse den Mann,
daa hadde han Munn som ei Rotte.

  Arne Garborg



Teke frå Luk 23,46 ved bibel.no og Jesu sju ord på krossen

Informasjon

Tillagt Jesus
Kjelde:Det nye testamentet (heilag bok)

Lukasevangeliet
Opphavleg mål: Nynorsk
Kontekst: Orda i Lukasevangeliet vert i kristen tradisjon rekna som dei aller siste orda Jesus sa medan han hang på krossen.
Sjå òg
Stikkord
overgjeving
Jesus
hender
ånd
fedrar
Gud
krossfestinga av Jesus
Jesu sju ord på krossen
«Far, i dine hender gjev eg mi ånd!»


«Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» (Tillagt Jesus)