Lukke

Frå Wikiquote



Fuglar i flukt og menneske på ei strand. (Foto: Ed Schipul)


Lukke, lykke eller sæle viser til ei kjensle av glede eller velvære, eller til medgang som det å ha god lagnad eller flaks.

Opplevd lukke[endre]

Teke frå Virginia Woolf suicide note på Wikisource
Opphavleg tekst:
«I don't think two people could have been happier than we have been.»

Informasjon
Opphav: Virginia Woolf

Kjelde:Brev frå Virginia Woolf til Leonard Woolf
År: 1941

Sitattype: Avskjedsord
Kontekst: Avsluttinga av Virginia Woolf sitt sjølvmordsbrev til ektemannen.
Sjå òg
Stikkord
avskjed
lukke
kjærleik
par
«Eg trur ikkje to menneske kunne ha vore lukkelegare enn me har vore.»


«Eg trur ikkje to menneske kunne ha vore lukkelegare enn me har vore.»   (brev frå Virginia Woolf til Leonard Woolf)



Teke frå Halldis Moren Vesaas på Nynorsk Wikipedia

Informasjon
Opphav: Halldis Moren Vesaas

Kjelde:«Lykkelege hender» (dikt)
Lykkelege hender (diktsamling)
Opphavleg mål: Nynorsk

År: 1936
Sjå òg
Stikkord
hender
gjerningar
lukke
mål
nytte
meining

Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei
går dei dagen lang.

Hender farga gurkemeie-gule, ein lukkebringande farge innan hinduismen.


Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei
går dei dagen lang.

  Halldis Moren Vesaas


Løfte om lukke[endre]

Teke frå Mansfield Park på Wikisource (Kapittel 22)
Opphavleg tekst:
«A large income is the best recipe for happiness I ever heard of. It certainly may secure all the myrtle and turkey part of it.»

Informasjon
Opphav: Jane Austen
gjennom Mary Crawford

Kjelde:Mansfield Park (roman)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1814

Stikkord
rikdom
ekteskap
lukke
«Ei stor inntekt er den beste oppskrifta på lukke eg har høyrt tale om.»


«Ei stor inntekt er den beste oppskrifta på lukke eg har høyrt tale om.»   Jane Austen



Teke frå Wikipedia, Studentmållagsbibelen (1921) Nynorsk Wikipedia
Opphavleg tekst:
«Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud. Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»»

Informasjon

Kjelde:Det nye testamentet (heilag bok)
Johannes' openberring
Studentmållagsbibelen
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1921
Kontekst: Johannes' openberring 21,3-4

Stikkord
framtid
endetider
pine
profeti
spådommar
sorg
død
lukke
daud
Gud
Guds folk
«Dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle skal meir vera til; for dei fyrste ting er bortfarne.»
Det nye Jerusalem. Illustrasjon til openberringa frå 1047.


«Dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle skal meir vera til; for dei fyrste ting er bortfarne.»


Skiftande lukke[endre]

Teke frå Dansk Kultur
Opphavleg tekst:
«Aprils vejr og unge piger ligner hinanden, de er begge ustadige.»

Informasjon

Dansk ordtak


Opphavleg mål: Dansk
Sjå òg
Stikkord
april
ungdom
jenter
ungjenter
vêr
likskapar
«Aprilvêr og ungjenter liknar kvarandre, dei er begge ustadige.»
April Love av Arthur Hughes.


«Aprilvêr og ungjenter liknar kvarandre, dei er begge ustadige.» Dansk ordtak


Teke frå Wikikilden
Opphavleg tekst:
«det er med Gjentelukka som med Sunnanvind, han blæs idag, men imorgon heve han snutt seg.»

Informasjon
Opphav: Kristofer Janson
gjennom Arne, far til Bergit

Kjelde:Han Per og ho Bergit (bok)
Fyrste Stykket
Opphavleg mål: Nynorsk

År: 1896
Sjå òg
Stikkord
kjærleik
lukke
jenter
vind
likskapar
«Det er med jentelukke som med sønnavind, han blæs i dag, men i morgon har han snutt seg.»
'Vippa' av Jean-Honoré Fragonard.


«Det er med jentelukke som med sønnavind, han blæs i dag, men i morgon har han snutt seg.»   Kristofer Janson



Teke frå Salomos ordtak 27:2

Informasjon

Tillagt Salomo
Kjelde:Bibelen (heilag bok)
Salomos ordtak (bok)

År: 2011
Seinare bruk

Sitert i Dagbladet (på dansk) om bruk av Facebook («Lik meg!») 06.09.2012.

Stikkord
prising
ros
atterhald
lukke
framande
sjølvros
munnar
lepper

«Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn

ein framand, ikkje dine eigne lepper.»


«Ein annan skal prisa deg lukkeleg, ikkje din eigen munn

ein framand, ikkje dine eigne lepper.» (Tillagt Salomo)