Wikiquote:Vekas sitat/2009
Frå Wikiquote
[endre] Bruk
Sett inn namnet på sitatmalen ved det vekenummeret det skal vera utvald.
{{Wikiquote:Vekas sitat/2009|<tal>}}
[endre] Vekesitat
5:
«Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.» 6:
«Vi går oppå egg, og uansett om vi trør aust eller trør vest, kan ikkje omeletten bli laga utan at nokre knuser.» Thomas Perronet Thompson 7:
«Men berre dei einsame
veit kvifor
eg gret
berre dei einsame» Roy Orbison
8:
«Me er hule menn
Me er fylde menn
Lenande saman
Hovud fyld med strå. O ve!» T.S. Eliot 9:
«Eg ville skriva om den pinefulle kjensla når me alle var delt opp og ein bror ikkje kunne treffa ein bror og ei mor ikkje kunne vera hjå sin døyande son og familiar som hadde vore stolte av å alltid samla seg ved bryllaup eller dødsfall eller fødslar eller kva som helst, ikkje kan vera i lag.» Attia Hosain 10:
«Lykkelege hender!
Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar
berre på dei
går dei dagen lang.» Halldis Moren Vesaas
11:
«Eg veit ei bygd med lange, leine lider,
som fjell frå fagre fjell i dalen ned.
Der blømar hegg, der grønkar bjørk og vier,
og gran og furu vigslar alt med fred.
Og gjennom lidi lette grøver går
med song og sull, helst um haust og vår,
i lange stryk med byks og kåte foss:
Du vene Voss, du vene Voss!» Lars Eskeland
12:
«Pengar taler fornuft i eit språk alle folk forstår.» Aphra Behn 13:
«Kom i hug at vi alle er medskyldige i alt som hender i kring oss» Olav Duun 14:
«Menneska må få ein ende på krig, elles vil krig gjera ende på menneska.» John F. Kennedy 15:
«April er den vondaste månaden» T.S. Eliot 16:
«Ein kan ikkje laga omelett utan å knusa egg.» 17:
«London, den store kloakken som alle dåsemiklar og latsabbar i keisarriket blir vaska ut i.» Arthur Conan Doyle 18:
«Eg vil ikkje gråte meir for alt det spilte blod.
Ein gong tok han slutt, også denne vonde dagen.
Eg vil sjå til borna mine, som har gått til ro,
siden vil eg grave litt i hagen.» Halldis Moren Vesaas
19:
«Viss de vil ha ein gylden regel som passar alle, er det denne: Ha ingenting i husa dykkar som de ikkje veit er nyttig, eller synest er vakkert.» William Morris 20:
«Minnet er eit nett; ein finn det fullt av fisk når ein tek det opp av vatnet; men eit dusin mil vatn har runne gjennom det utan å setja seg fast.» Oliver Wendell Holmes 21:
«Te er ein av berebjelkane for sivilisasjon» George Orwell 22:
«Forlat verda litt betre enn du fann henne.» Robert Baden-Powell 23:
«Tidi ho renn som elv mot os,
Fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los,
Radt til dei seinaste ætter;» Anders Hovden 24:
«Allereie i urtidene, då det var kjemper til i bygdene i Norden...» Olaus Magnus 25:
«Sanninga er at i London er det alltid ei sjukdomstid. Ingen er ved god helse i London, ingen kan vera det.» Jane Austen 26:
«Tryggleik krev både kontroll av styrkebruk og vekktaking av naud.» Eleanor Roosevelt 27:
«Lappane vankar i utkantane, i det skumle, set lys og luft på deim, så vantrivst dei som utøy og makk.» Knut Hamsun 28:
«Vakt deg, mi prinsesse, når eg kjem... du skal få sjå kven som er sterkast, ei mjuk jente som ikkje et nok, eller ein stor vill mann med kokain i kroppen.» Sigmund Freud 29:
«Seriøs idrett har ingenting å gjera med god sportsånd. Det er knytt til hat, sjalusi, skryt, total regelbryting og ein sadistisk glede ved å sjå vald: det er med andre ord krig utan skyting.» George Orwell 30:
«Eg var uheldig, som landet mitt.» Paul Keres 31:
«Eg held ein bolle te i mine eigne hender; i den grøne fargen hans ser eg heile naturen.» Soshitsu Sen XV 32:
«Oslo er jo innflyttarane sin by. Noen har innvandrarbakgrunn og noen har bakgrunn frå distrikta, og eg har begge deler.» Hadia Tajik 33:
«Eg tenkte med meg sjølv at dersom aogiri-trea klarte å overleva og stå på egne bein, kunne eg òg klara det.» Suzuko Numata 34:
«Og Guten drikk seg eit lite Mot;
so sullar dei fram paa dansande Fot
og held seg i varme Hendar.» Arne Garborg
35:
«Kópen glanar
når til gilde han kjem,
fumlar fåmen og mullar.
Så snart han ein slurk
av skjenken fær,
då utan stans han sullar.»
36:
«Eg trur sterkt at folk til no har vore mykje for opptekne av doktrine og for lite av utøving.» (brev frå George MacDonald til faren) 37:
«...Live stormar og strøymer.
Hugen leikar og Augo lær,
Elsken gløder og Hjarta slær;
det er Stundir ein aldri gløymer.» Arne Garborg
38:
«Alle store verdshistoriske hendingar og personar kjem oppatt, [...] fyrste gong som tragedie, andre gong som farse.» Karl Marx 39:
«Ja, han liker sjakk, men å vera eit menneske er det viktigaste for han.» Samuel Reshevsky 40:
«Eg ser på tedrikking som noko som øydelegg helsa, svekker kroppen, dyrker latskap og umannlegdom, forderver ungdom og forringer alderdom.» William Cobbett 41:
«Me har gjort det som menneskja har drøymd om frå gamalt av, det dei misunner fuglane, det vil seia, me har floge.» Salman Rushdie 42:
«Vi har ingen forpliktelse til å utlevere våre husdyr til jødenes grusomheter, vi har ikke invitert jødene hit til landet, og vi har ingen forpliktelse til å skaffe jødene dyr til deres religiøse orgier.» Jens Hundseid 43:
«Me fekk halen men me bomma på reven.» Roald Dahl 44:
«Eg skriv for barnet i meg sjølv.» Astrid Lindgren 45:
«Gyldenlak, før Du din Glands har tabt,
da er jeg Det hvoraf Alt er skabt;
ja før Du mister din Krones Guld,
da er jeg Muld.» Henrik Wergeland
46:
«Frå kvar etter evner, til kvar etter behov.» Karl Marx 47:
«Intellektet er som ei saks, det kan berre klippa. Medan hjartet er som ei nål og tråd, det vøler, bringer saman. Ein treng både saksa og nåla; med saksa klipper du og med nåla syr du – slik lagar ein ein krans eller klede.» Mata Amritanandamayi 48:
«Minne er sanning, for det har sin heilt eigne type. Det vel ut, vel vekk, endrer, overdriv, underdriv, forgyller, og fornedrer også, men til slutt skaper det sin eigen røyndom.» Salman Rushdie 49:
«–Gledeleg jul, onkel! Gud signe deg! ropte ein glad stemme. –Pøh! sa Scrooge. –Humbug!» Charles Dickens 50:
«Eg vart fødd i Londonderry. Eg vart også fødd i Derry by.» Neil Hannon 51:
«Klag ikkje under stjernene over mangel på lyspunkt i livet.» Henrik Wergeland