Ost

Frå Wikiquote



Ost


Opphavleg tekst:

«Un repas sans fromage est comme une belle à qui il manque un oeil.»

Informasjon
Opphav: Jean Anthelme Brillat-Savarin

Kjelde:La physiologie du goût
Opphavleg mål: Fransk

Stikkord
ost
måltid
kvinner
auge
manglar
«Eit måltid utan ost er som ei vakker kvinne som manglar eit auge.»


«Eit måltid utan ost er som ei vakker kvinne som manglar eit auge.»   Jean Anthelme Brillat-Savarin



Teke frå List of French cheeses, Engelsk Wikipedia
Opphavleg tekst:
«Comment voulez-vous gouverner un pays qui a deux cent quarante-six variétés de fromage?»

Informasjon
Opphav: Charles de Gaulle

Kjelde:Les Mots du Général
Opphavleg mål: Fransk
Kontekst: Ernest Mignon, Les Mots du Général (1962)

Stikkord
ost
mat
Frankrike
styring
variasjon
«Korleis skal ein styre eit land som har 246 ulike slag ost?»
Franske geitostar.


«Korleis skal ein styre eit land som har 246 ulike slag ost?»   Charles de Gaulle



Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: John Moberg

Tillagt person frå Nord-Noreg
Kjelde:Gamalosten (bok)
År: 1987

Stikkord
ost
frukost
kyss
manglar
«Ein frukost utan gamalost er som eit kyss utan kjærleik.»


«Ein frukost utan gamalost er som eit kyss utan kjærleik.» (Tillagt person frå Nord-Noreg)  John Moberg



Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: Ludvig Eikaas (John Moberg)

Kjelde:Gamalosten (bok)
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 1987

Stikkord
ost
norsk mat
kultur
oppfinningar
norsk kultur
gammalost
«Ost er kultur. I Noreg har vi funne opp tre ostar, og mellom dei er gamalosten. Det kan såleis ikkje stå så dårleg til med kulturen i eit land som har skapt tre ostar.»


«Ost er kultur. I Noreg har vi funne opp tre ostar, og mellom dei er gamalosten. Det kan såleis ikkje stå så dårleg til med kulturen i eit land som har skapt tre ostar.»   Ludvig Eikaas



Teke frå nb.no
Opphavleg tekst:
«The Norwegians are really a very strange tribe. They eat raw fish, putrified cheese and swell it down with some sort of hydrocloric acid, but they still survive.»

Informasjon
Opphav: John Moberg

Tillagt engelsk oberst
Kjelde:Gamalosten (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1987

Stikkord
nordmenn
norsk mat
kosthald
overleving
humor
fisk
ost
drikke
«Nordmennene er verkeleg ein særs underleg stamme. Dei et rå fisk og rotna ost, skyller det ned med ei slags saltsyre, og likevel overlever dei.»


«Nordmennene er verkeleg ein særs underleg stamme. Dei et rå fisk og rotna ost, skyller det ned med ei slags saltsyre, og likevel overlever dei.» (Tillagt engelsk oberst)  John Moberg



Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: John Moberg

Kjelde:Gamalosten (bok)
År: 1987

Stikkord
ost
kjemiske stoff
eigenskapar
sveitte
«Det som er spesielt ved gamalosten, er det høge innhaldet av iso-valeriansyre [...], ein komponent ein m.a. finn i fotsveitte.»


«Det som er spesielt ved gamalosten, er det høge innhaldet av iso-valeriansyre [...], ein komponent ein m.a. finn i fotsveitte.»   John Moberg



Teke frå nrk.no

Informasjon
Opphav: Jørn Hafslund

Kjelde:Verdas beste ost er norsk: – Heilt sjukt! (artikkel)
År: 2018
Kontekst: «Fanaost» frå Ostegården i Bergen vann World Cheese Awards i 2018. Jørn Hafslund er dagleg leiar ved Ostegården.

Stikkord
ost
Fana
verdsetjing
«Eg har laga ein ost fordi eg synest Fana-bygda er så fin at den fortente sin eigen ost»


«Eg har laga ein ost fordi eg synest Fana-bygda er så fin at den fortente sin eigen ost»   Jørn Hafslund