Jord

Frå Wikiquote



Jord

Jord kan visa til laust stoff på jordoverflaten ein kan dyrka plantar i eller eit dyrkingsområde.


Opphavleg tekst:
«I longed for a sod of earth from some field I knew, something of Sligo to hold in my hand.»

Informasjon
Opphav: William Butler Yeats

Kjelde:Autobiographies (bok)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1955

Stikkord
heimlengt
kjennskap
jord
Sligo
hender
Irland
«Eg lengta etter ein bit jord frå ein kjend åker, noko frå Sligo eg kunne halda i handa mi.»
Grøn mark i Sligo.


«Eg lengta etter ein bit jord frå ein kjend åker, noko frå Sligo eg kunne halda i handa mi.»   William Butler Yeats




Informasjon
Opphav: Franklin D. Roosevelt

Kjelde:Brev frå Franklin D. Roosevelt til alle delstatsguvernørar
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1937
Kontekst: Letter to all State Governors on a Uniform Soil Conservation Law (26 February 1937)

Stikkord
jord
nasjonar
øydelegging
«Ein nasjon som øydelegg jordsmonnet sitt øydelegg seg sjølv.»


«Ein nasjon som øydelegg jordsmonnet sitt øydelegg seg sjølv.»   (brev frå Franklin D. Roosevelt til alle delstatsguvernørar)



Teke frå Engelsk Wikiquote (Hoyt's New Cyclopedia Of Practical Quotations, 1922, «Agriculture»)
Opphavleg tekst:
«Earth is here so kind, that just tickle her with a hoe and she laughs with a harvest.»

Informasjon
Opphav: Douglas Jerrold

Kjelde:A Land of Plenty (Australia) (bok)
Opphavleg mål: Engelsk

Stikkord
jord
grøde
landbruk
arbeid
avlingar
kitling
latter
Australia
«Jorda er her så gjevmild at du berre kan kitla henne med ei hakke, så ler ho med ei avling.»
Planteliv i Sydney i 1895.


«Jorda er her så gjevmild at du berre kan kitla henne med ei hakke, så ler ho med ei avling.»   Douglas Jerrold




Informasjon

Kjelde:Bibelen (heilag bok)
Jesajas bok
Studentmållagsbibelen
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1921
Kontekst: Jesajas bok 28:2 i Studentmållagsbibelen, ei omsetjing frå 1921.

Stikkord
bygg
korn
såing
spelt
åkrar
landbruk
«Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?»
Såmann måla av Jean-François Millet.


«Når han hev jamna åkeren, spreier han ikkje då dylla og karve og sår kveite i rader og bygg på den avmerkte staden og spelt i kanten?»



Teke frå nb.no. Side 25 i boka.
Opphavleg tekst:
«Det eg skal kalla vakkert, det maa vera gule aakrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lider med skog. Det er vakkert aat meg, for der kan det bu folk»

Informasjon
Opphav: Andreas Austlid

Tillagt far til Austlid
Kjelde:Salt fraa folkehøgskulen (bok)

År: 1926
Kontekst: Andreas Austlid fortel frå ein samtale med faren der dei var usamde om kva som var vakkert. Han såg venleik i den ville naturen, faren såg det i den dyrka jorda. Med åra tok Austlid til seg faren sitt syn.
Sjå òg
Stikkord
venleik
åkrar
grøde
bustader
norsk landskap
bygg
erter
rug
«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.»
Gard i Ulheim på Dovre.


«Det eg skal kalla vakkert, det må vera gule åkrar med bygg og erter og rug, og vollar med fint tjukt gras, og lier med skog. Det er vakkert åt meg, for der kan det bu folk.» (Tillagt far til Austlid)  Andreas Austlid



Opphavleg tekst:

«Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde som lange Røysir. I desse Heimane bur Folke.»

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:Fred (roman)
Opphavleg mål: Landsmål

År: 1892
Sjå òg
Stikkord
Jæren
bustader
grender
steingardar
hus
norsk landskap
åkrar
«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»
Frå Obrestad på Jæren. (Foto: Ruth Hetland)


«Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bite og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser. I desse heimane bur folket.»   Arne Garborg