Wikiquote:Vekas sitat/2012
Innhaldsliste |
[endre] Vekesitat
[endre] Bruk
Sett inn namnet på sitatmalen ved det vekenummeret det skal vera utvald.
{{Wikiquote:Vekas sitat/2012|<tal>}}
[endre] Vekesitat
1
Den lange Vinter lakkar;
han syng paa sin siste Sull.
Det brunkar i kvite Bakkar,
og Aai fløymer full.
2
«Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede.» Norsk ordtak
3
«Dei Kristne elskar Hottentottarne, og dei som vil vera betre enn dei Kristne elskar Framtidi; men Lasarus ligg der han ligg. Det er kje noko Stas med Lasarus. Og Lasarus hev fortent si Naud; me kjenner Lasarus.» Arne Garborg
4
«Eg er fordi me er. Fordi me er, er eg.» Afrikansk ordtak
5
«Eit vekka og kraftig folkevirke, det lèt seg ikkje ein gong dempa av noko absolutt veto.» Johan Sverdrup
6
Til deg, du Hei og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.
7
Du er den friske iling i
vårt treige vanegjengeri.
Du er den salte havstraum, som
i våre lumre fjordar kom.
8
«Vi er ikkje vaksne før vi blir 30 år og får ikkje vit før vi blir 40.» (Tillagt «Morten husmann», Morten Bjønnhaug) Andreas Austlid
9
«Ein Gud?
- Kva skal me med ein Gud?
- Fordøma oss
- kann me sjølve.» Arne Garborg
10
«I eit totalitært regime veit ein aldri kva slags feil som blir gjort. Men i eit demokrati, viss nokon gjer noko gale, mot folkeviljen, vil det flyta til overflata. Heile folket ser det.» Hosni Mubarak
11
«Det er ikkje på jorda to, som talar same mål. Kvar legg sitt i orda, dei talar med dei same orda om kvar sine ting.» Arne Garborg
12
Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre...
13
«North wind doth blow,
we shall have snow.» Engelsk ordtak
14
«Eg hatar reiser og utforskarar.» Claude Lévi-Strauss
15
«Betre å leva ein dag som ein tiger enn tusen år som ein sau.» Engelsk ordtak
16
«Fredsæle gjennom ein bolle te.» Soshitsu Sen XV
17
«Eg er som dei ville dyri. Hola mi hev eg og inkje noko meir. Ingen vil sakna meg. Eg høyrer ikkje til under noko Tak, og eig ikkje Rom i noko Hjarta.» Arne Garborg
18
«Det mystiske monumentet Stonehenge... der det står aude på ein bar og grenselaus hede, like lite knytt til hendingar i tidlegare tider som det er til skikkane i notida, tek deg tilbake forbi alle historiske nedteikningar og inn i mørket til ei heilt ukjend tid.» John Constable
19
«Soleis skal Menneskje døy. Han sovna av ein Gong i Nott, og ingen visste um det. Han hev sjølv ikkje visst um det.» Arne Garborg
20
«Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom. Då sagde mannen: ‘Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.’»
21
Ingen, ingen hjelper det om alle verdsens kvinner går
ikring med raude auge, ikkje ein.
22
«Det er med jentelukke som med sønnavind, han blæs i dag, men i morgon har han snutt seg.» Kristofer Janson
23
«Eg fær aldri Fred. Eg er sjølv denne Uro som aldri stillnar.» Arne Garborg
24
«Det er ikkje på jorda to, som talar same mål. Kvar legg sitt i orda, dei talar med dei same orda om kvar sine ting.» Arne Garborg
25
Juni sovnar inn på båra si av blomar;
utan verknad vert doggdråpar spreidde over,
utan verknad viftar kjærleg vind nytt liv i ho,
timane hennar er talde på blomeuret.
26
Så lenge Kolosseum står, står Rom.
Når Kolosseum fell, fell Rom.
Og når Rom fell - fell verda.
27
Å, Aust er Aust, og Vest er Vest, og dei to møtest aldri, visst,
før Jord og Himmel saman står for Guds store domstol til sist
28
«Den som ikkje heve Dreng, fær tena seg sjølv.» Ivar Aasen
29
Kjære, alt ditt som du viser meg no
— så utenkt som mangt av det er —
kan det vel hende eg ikkje forstod
om du ikkje var meg så kjær.
30
«Me priser dauden, men me elskar livet.» Arne Garborg
31
«Vi vil ikkje gi kaffikjelen venger. Vi vil ikkje forandre tinga våre til fuglar og blomar. Vi vil la kaffikjelen vere kaffikjelen og sjå han stå på frukostbordet, blank av aluminium og fylt med rykande kaffi.» Dag Solstad
32
Eiter-Pilir
og Eldklegg flyg;
eitt Ord kann ein skilja
«De lyg! De lyg!»
Men midt i sitt Staak
dei utrygt glor,
og liksom skjemmest
av eigne Ord
33
«Eg vil ikkje at nokon skal nå meg, eg vil ikkje at nokon skal sjå meg, og slik har det også blitt: ingen når meg, ingen ser meg.» Karl Ove Knausgård
34
«Eg var den eg var. Kven skulde eg elles ha vore?» Arne Garborg
35
«Maula Bakhsh, ein bonde, bur i Tamil Nadu og snakkar tamil. I Andhra Pradesh snakkar han telugu. I Bengal er språket hans bengali. Tenker me på ein slik muslim som eg har funne på namnet Maula Bakhsh til? Jinnah, Khaliquz Zaman, Maulana Azad, Aga Khan, M.C. Chagla og rajaen av Mehmudabad [...] var muslimar. Det var også Hakku, den gamle bestemora på heimstaden vår. Ho bed 5 gonger dagleg. Ho var så djupt rørt av ein av talane til Gandhi at ho sa namnet hans etter Allah og hans Profet. Ved 70 års alder sydde ho sitt eige likskrud i khadi, fordi ho ikkje ville kroppen hennar skulle innhyllast og bli gravlagd i eit utanlandsk klede. Så når folk diskuterer dei indiske muslimane lurer eg på kven dei meiner. Maula Baksh? Jinnah og venene hans? Eller Hakku?» Khwaja Ahmad Abbas
36
«Boka slår meg som ein av dei største romanane eg har lese. Ho er fullkoment vakker.» H.G. Wells
37
«Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.»
38
«Men der er visseleg ikkje så mange menn med store formuar i verda som det finst pene kvinner som fortener dei.» Jane Austen
39
«Eg har knapt hatt tid til å signa meg.» Irsk ordtak
40
«Lat det vera Kjerring elder Kall; den klokaste styrer best.» Ivar Aasen
41
«Ein musikar kan ikkje røra andre om ikkje han sjølv også er rørt.» Carl Philipp Emanuel Bach
42
«Ein brekande sau misser ein munnfull.» Engelsk ordtak
43
«Religion [...] er opium for folket.» Karl Marx
44
Aa lat det bure, aa lat det braka;
la Huse riste og Tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Det døyver Tankane litegrand.
45
«Det finst eigentleg ikkje noko slikt som dårleg vêr, berre ulike typar godvêr.» John Ruskin
46
«Fridom til å læra er den viktigaste garantien for at eit menneske skal bli sjølvbergande nok til å bli fritt.» Franklin D. Roosevelt
47
«Me vel å dra til månen i dette tiåret og gjera andre ting, ikkje fordi dei er lette, men fordi dei er vanskelege.» John F. Kennedy
48
Um Sky datt ned som paa Himlen flakkar,
um Have braut yvi alle Bakkar,
ja um all Verdi seg søkkte ned, —
so var det Slutt og so vart her Fred.
49
Løyste, lyfte
Sjæline kved;
dei helsar med Fagnad
den store Fred.
50
«Kaa hadde eg so aa halde skule paa? Jau, eg ville gje desse bornom alt eg aatte, alt eg hadde vorte glad aatt, eg vilde gje døm meg sjølv.» Andreas Austlid
51
«All makt i denne sal» Johan Sverdrup
[endre] Bruk
Sett inn namnet på sitatmalen ved det vekenummeret det skal vera utvald.
{{Wikiquote:Vekas sitat/2012|<tal>}}